For min del er det lettare julestemning som rår i dag. "Men kalendaren viser berre midt i desember!" seier du? Du skjønner det at Barnehelg (ImF-UNG sitt juleblad) er snart klar til trykking – det vert stas! Årets blad er spekka av gode reportasjer, hobbytips, julestemning og julekos. Noko for ein kvar smak, så det er berre å gle seg! Hadde eg vore deg ville, eg lagt beina på nakken for å få tak i eit eksemplar når det kjem for sal… ;) Elles er det ikkje veldig lenge igjen til Barnelederkonferansen heller, og det vert ei kjempehelg!
Eg har lyst å dele eit par bibelvers med deg som klikkar deg innom denne bloggen:
” I Kristus Jesus har han reist oss opp frå døden saman med han og
sett oss i himmelen med han,
så han i dei komande tider kunne visa
sin overstrøymande rikdom på nåde
og sin godleik mot oss i Kristus Jesus.”
(Ef 2:6f)
Ta desse fantastiske versa med deg utover dagen og tida framover.
Det gjeld faktisk deg – du som sit og les dette,
dersom du har teke i mot Jesus som din Herre og frelsar.
Ønskjer deg ei heilt HERLEG veke! :)
Det gjeld faktisk deg – du som sit og les dette,
dersom du har teke i mot Jesus som din Herre og frelsar.
Ønskjer deg ei heilt HERLEG veke! :)
Ragnhild


